Event image

Storehaugen Opp 2024

torsdag 9. mai 2024   Ferdig

Bokmerket av 0 løpere
Dette løpet er ferdig. Gå til Storehaugen Opp 2025

Grunnleggende informasjon

Arrangør: Lærdal IL
Løpsserie: Storehaugen Opp
Land: Norge
Distanser: 3.7 km
Type: Standard

Beskrivelse

Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.

Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigenometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, so me oppfordrar deltakarane til å ta med drikke.

Første del av traseen er litt steinete og bratt tilHarasiglet, 250 moh. Her er det eit flott utsiktspunkt der ein ser Øyri, fjorden og omliggande fjell. Det er jamn stigning opp Krokabakkane til Skirset, 490m oh. Skirset er vel halvveges på traseen opp til Storehaugen. Her er det drikkestasjon og stien flatar ut nokre hundre meter før den stig mot Svinakleivi ogVetlehaugen på ca 700moh. Vidare kjem ein tilHalvfardekkene, som er halvveges til stølen Hognåsen. Til venstre ved Kattuglegalden er det eit utsiktspunkt der ein ser oppover dalen mot Eri og Tønjum. Dei siste 150 meterane opp skardet er svært bratte, men ufarlege.

Løypa er på 3,7 km og har ein gjennomsnittleg stigning på nær 25 %.

Løpsdistanser

Map

3.7 km

Terreng 825m