Hestane Skyrace 2026

lørdag 11. juli 2026  Ferdig
Opprett bokmerke
Dette arrangementet er overstått
Gå til Hestane Skyrace 2027
Produkter
Del

Samarbeidspartnere

Hovudsponsor
Fjordane caravanLettsauna
Sponsor
TønnaStranda ventilasjonAdvokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn ASRekneskap Fjordane ASSparebank 1 Sogn og Fjordane
Hestane Skyrace 2026

Grunnleggende informasjon

Arrangør
Løpsserie
Tidtaker
Sted
🇳🇴 Norge Sunnfjord
Vær
Ikke tilgjengelig
Måned
Distanser
26 km, 32 km

Beskrivelse


🏔️ Hestane Skyrace – 11. juli 2026

På tur over det devonske fjellbeltet - no også med UNESCO status

Velkommen til første utgåve av Hestane Skyrace! Dette blir ei unik fjelloppleving i hjartet av Sunnfjord, der ein som deltakar får springe over dei spektakulære toppane Storehesten og Lisjehesten i Bygstad. Vi ønskjer å lage istand ein løpsfest og ein aktiv dag for heile familien med løp for alle som vil bli med🏃‍♀️⛰️


ℹ️ Praktisk informasjon

📆 Dato: Laurdag 11. juli 2026

🅿️Parkering på Langeland skisenter. Dagsparkering kostar 50kr. Skisenteret ligg 9 min med bil frå Førde lufthamn (Bringeland) og 12 min frå Førde sentrum, der du òg finn fleire hotell og overnattingsmoglegheiter.

🗺️ Løypa

Start og mål: Langeland skisenter 🎯

Storerunda: ca. 32 km / 1800 høgdemeter – går over både Storehesten og Lisjehesten

Lisjerunda: ca. 26km / 1200 høgdemeter – går kun over Lisjehesten

Alternative løyper kan forekomme ved krevjande verforhold.

Trasé:

Løypa startar ved Langeland skisenter og følgjer den gamle Trondhjemske postveg mot Bringeland lufthamn, vidare gjennom Djupedalen til Hjelmelandsstølen og Yndestadsstølen. Her byr det på bratt motbakke opp mot Lisjehesten, der deltakarane får klyve seg opp skaret ved hjelp av tau 🧗.

Etter toppen går turen vidare over ryggen mot Skaraly (dei som spring Lisjerunda vender ned mot Kvamsstølen her). Frå Skaraly ventar den mest krevjande stigninga opp egga på austsida av Storehesten. Her er det luftig, og ein må halde seg i berget enkelte stader 💥. På toppen får du panoramautsikt med havet 🌊 i vest og Jostedalsbreen ❄️ i aust.

Nedstigninga følgjer ura på vestsida, vidare langs T-merka sti tilbake til Skaraly og mot Kvamsstølen, Yndestadsstølen og Hjelmelandsstølen. Den siste etappen går i skiløypa gjennom myr og traktorvegterreng, før du igjen kjem inn på postvegen og til målområdet på Langeland. 🏁

🗺️ Kart

GPX-fil ligger under.

📲 GPS-sporing

Alle løpere skal laste ned Racedays-appen og aktivere GPS-sporing rett før start av sikkerhetsmessige hensyn. Dette gjør også at publikum kan følge deltagerne underveis i løypen.

Instruks: https://www.racedays.run/blog/live-gps-sporing


📅 Program for dagen – 11. juli 2026

Tid Program
07:00 Dagen opnar
07:00 – 09:00 Tidleg start tilgjengeleg – for dei som ønskjer meir tid på løypa
08:40 Felles jogg til startstreken saman med Torstein Bolstad Blikra
09:00 🏁 START – Storerunda og Lisjerunda
12:00 👶 Barne- og ungdomsløp med Gaular løpskarusell på Langeland skisenter. Påmelding via EQ timing
12:30 – 17:00 Varm og god suppe i målområdet
ca. 15 min etter topp 3 damer i mål 🏆 Premieutdeling
15:30 ⚠️ Cutoff Skaraly – siste moglegheit for å fullføre løpet
19:00 Siste frist for målgang på Langeland
20:00 🎉 Afterrun på Tønna i Bygstad – mat, sosialt samvær og moro for alle!

📜 Reglar

📌 Aldersgrense – Minimum 16 år på løpet

📌 Cutoff – Deltakarar som ikkje har passert Skaraly innan kl. 15:30 må gå ned til Stølshaugane og bli transportert derifrå tilbake til Langeland. Siste frist for målgang er kl. 19:00.

📌 Løypa – Løypa skal følgjast. Avvik frå merka rute medfører diskvalifikasjon.

📌 Startnummer – Skal vere synleg gjennom heile løpet.

📌 Hjelp til medløparar – Dersom ein medløpar treng hjelp pliktar du å stoppe og varsle arrangør.

📌 Naturen – Ta med søppelet heim. Vis omsyn til beitedyr og anna ferdsel i fjellet.


💡 Kvifor delta?

💪 Ei meistringsoppleving for alle, både for dei som vil fullføre og dei som vil konkurrere 🌄 Spektakulær natur over det devonske fjellbeltet 👨‍👩‍👧‍👦 Aktivitetar for heile familien


👥 Om oss

Vi som arrangerer løpet er to lokale sunnfjordingar frå Bygstad:

• Lars Øvrebø – 📞 948 27 438

• Torstein Bolstad Blikra – 📞 416 53 315

Vi har vakse opp med fjella og skiløypene i bygda, og ønskjer no å gi fleire høve til å oppleve gleda ved å springe i Sunnfjords mektige natur. 🌲⛰️ Saman med oss har vi idrettslaget Gaular IL i ryggen🤝


🔥 Vil du vere med på den første utgåva av Hestane Skyrace? Følg oss vidare for meir informasjon om påmelding, løypetrasé og praktiske detaljar! Det kjem meir informasjon her og på @hestaneskyrace på Instagram!

Løpsdistanser

Map

26 km (Lisjerunda)

1209m
Terreng
Map

32 km (Storerunda)

1771m
Terreng